Noko å feire i Hardanger?

Skrevet av Helene Ødven og Nicolas J. I. Rodriguez i Bergen og Hordaland Turlag. Helene er daglig leder og Nicolas er naturvernansvarlig. De gjesteblogger for Den Norske Turistforening.

I dag (tysdag 28. januar) inviterer Statnett til fest. Dei skal feire opninga av Hardangermastene. Kva er det vi eigentleg feirar? Å halda kranselag for eit så omfattande naturinngrep og dårleg utgreiingsprosess er i beste fall ei feiring med kraftig bismak.  Når gjestene og vertane møter til feiring må vi be om respekt, at dei i ei stille stund mellom kaffi og kaker, tek seg tid til å tenkja over grunnlaget for den store folkelege motstanden mot prosjektet. Vi må be dei om å tenkje igjennom heilskapen og konsekvensane for natur, friluftsliv og landskap.  At vi i dag byggjer ned våre økosystem utan noko overordna landskapsstrategi eller gjennomtenkt heilskapleg energipolitikk, utan å vite kva konsekvensar dette får for vårt livsgrunnlag i komande generasjonar. Manglande kunnskap om biologisk naturmangfald, og bit-for-bit utbygging av landskap og vassdragsnatur, bidreg til å øydeleggje våre økosystemtenester. Klimaendringar får verknad på naturen vår, men kan fornybarordninga slik den vert praktisert i dag gjera ein forskjell?

Monstermaster: Feirer vi feilslått energipolitikk?

Monstermaster: Feirer vi feilslått energipolitikk?

Grunnen til ei sterk interesse for utbygging av småkraft og vindkraft er innføringa av el-sertifikatordninga i 2012, kor utbygging av fornybar energi vert sterkt subsidiert. Vi skal sikre at vi når målet som ei auke i norsk fornybarproduksjon som vi har forplikta oss til. Om alle kraftverk i Noreg som no er gitt konsesjon, blir bygd, har vi allereie innfridd krava frå Europa. Mange sit berre og ventar på at mastene skal kome, slik at energien dei skal produsere, kan bli distribuert. Men det  er uvisst om Europa i det heile vil ha overproduksjonen frå Noreg.  Adm. dir.  Atle Neteland i BKK seier han og selskapet er tatt på senga. Tyskland produserer like mykje solenergi sjølve no, som det vi produserer av fornybar energi samla her til lands! Tilsvarande for vindkraft. Og dei stoppar ikkje der.

Stein Lier Hansen, noverande direktør i Norsk Industri, leia eit ekspertutval som la fram ein rapport om økosystemtjenester i fjor. Rapporten deira fortener stor merksemd. Eit viktig råd frå dette utvalet var å evaluera fornybarordninga med omsyn til verknadane på naturen. Dei føreslo også å gjera greie for den faktiske effekten av auka norsk fornybarproduksjon for europeisk kraftbruk og reduksjon av klimagassutslepp.  Bergen og Hordaland Turlag støtter forslaget frå ekspertutvalet fullt ut.

Vi bør stoppa opp og tenkja over konsekvensane av konsesjonsgjevinga vi fører no. Alle dei nye kraftverka som er melde langsmed mastene og andre stader, bør bli sett på vent. Ein ny rapport frå Riksrevisjonen peiker også på at statlege retningslinjene som skal sikra naturomsyn ikkje er oppdatert i forhold til krava i dagens plan- og miljølovgjeving. Myndigheitene har ikkje avklart kor mykje ny fornybar energi det skal leggjast til rette for. Vi har att 13 % av det NVE kallar for vasskraftpotensialet i Hordaland fylke. Stort sett er søknader knytt til utbygging av desse 13 % i dag ulønsame, om det ikkje hadde vore for at dei mottok subsidiar. Dei har samla sett store konsekvensar for biologisk mangfald og landskap. Vi må også tenkje på at komande generasjonane ønskjer urørt natur med fritt rennande vatn.

Gjester og vertar i Hardanger:  La oss ta dei nødvendige grepa for å betra medverknadsprosessane i samband med energiplanlegging, og la oss få på plass ein overordna landskapsstrategi og ein heilskapleg energipolitikk med vekt på naturomsyn. Sats på å revidere og ruste opp dagens kraftverk med ny teknologi. La oss bidra og støtte opp om tiltak for energieffektivisering i industri, næringsverksemder, og i private hushald. Den gode løysinga no ville vere å bruke den rikdomen vi enno har frå olje og gass, til å utvikle nye og framtidsretta energiformer, eit godt auge for naturomsyn og banebrytande teknologi, heller enn å halde fram med å byggje ned norsk natur og late som om det tener ei god sak.

Det er stengt for kommentarer.